|
Fedje kommune ligg i Nordhordland, ca. 1,5 times reisetid frå Bergen. Kommunen har ca. 600 innbyggjarar. Det går ferje mellom Sævrøy og Fedje 11 gongar om dagen. Ferjeoverfarten tar ca.30 minutt.
Fedje kommune har eit areal på 9,36 kvadratkilometer. Øya Fedje er på 7,6 kvadratkilometer. I tillegg til hovudøya er her 124 holmar og skjer. Dei fleste ligg på nord- og vestsida av hovudøya. Nord-sør strekkjer øya Fedje seg om lag 4 km. Aust-vest er breidda på det meste 2,5 km.
På grunn av sjøfuglførekomstar av regional verdi, er tre område på Fedje verna som naturreservat: Hellisøy 159 da (land og sjø), Sekkjedalstjørn 31 da (land og vatn) og Innesøyane 675 da (om lag halvparten kvar på sjø og land). Dette er den beste sjøfugllokaliteten i Hordaland, både med tanke på antal artar og mengde fugl. I tillegg har me Fedjemyrane landskapvernområde, 835 da, med fuglelivsfreding.
Det er ikkje sett ut fisk i anlegg i kommunen.
|