|
|
|
|
|
Flytte til Fedje?
|
|
Fedje -ei eksotisk øy i havgapet.
Her finn du ro i sjela. Havet er fasinerande når bølgjene bryt inn over land i storm og uver. Når stilla legg seg og sola speglar seg i havet, senker freden seg.
Dei små og oversiktlige forholda med rundt 600 innbyggjarar gjer at vi bryr oss om og tek vare på kvarandre.
Kommunen har eit godt utbygd kulturliv med mykje organiserte aktivitetar.
For den som ønskjer avkobling kan ein gå tur i Nordsjøløypa eller fiske frå land eller båt. I skjærgarden rundt Fedje finst det mange holmar og øyer, eit flott område for rekreasjon.
Avstandene på øya er små, her kjem ein overalt med apostlane sine hestar. Til næraste by, Bergen, kjem ein på 1,5 time.
|
Publisert av
Sande, Jan Torry.
Sist endret 02.08.2010
|
|
Ledig arbeid:
Dei største arbeidsgjevarane på øya er Fedje kommune og Fedje Mekaniske Industriar. Du finn link til NAV sine heimesider lenger ned på sida, og lenke til oversikt over lokale bedrifter.
Barnehage:
Kommunen har full barnehagedekning. Du kan søkje om den prosenten og dei dagane du har bruk for. Per i dag finst det fleire ledige plassar.
Skule:
Kommunen har 10-årig grunnskule som gjer det svært godt på dei nasjonale prøvane. Næraste vidaregåande skule ligg i Austrheim kommune, i pendlaravstand frå Fedje. 15 minuttar med buss frå Sævrøy.
Hus til leige:
Kommunen har bustadar til utleige. Det er og nokre private utleigarar.
Tomter til salgs:
Kommunen kan diverre ikkje tilby tomt no. For tida er eit nytt kommunalt byggjefelt på Vestkanten under planleggjing.
Fritidstilbod:
Fleirbrukshallen med bowlingbane
Idrettslaget
Korps
Kor - barnekor, blandakor og mannskor
Teaterlag med årleg revy
Bygdekino (framsyningar annakvar tysdag)
Hjartebankjen aktivitetshus
Søndagsskule
Ungdomsklubb
Pendletider:
Det går fint an å bu på Fedje og jobba i ein anna kommune i Nordhordland. Reisetida frå Sævrøy til t.d. Mongstad er ca 25 minutter. Sjølve overfarten med ferja tar ein halv time. Då slepp du å sitja i kø, du kan heller eta frukosten på ferja eller ta deg ein blund om det er det du treng. Ellers er det og ein fin kombinasjon å bu på Fedje og jobba offshore.
Ellers har vi tenester som butikk, bank, post og frisør på øya.
For fleire opplysningar kan ein ringje Fedje kommune på tlf 56 16 51 00.
|
|
|
|
|
|
Bukser og berging
Foto : Lisbeth Stuberg
|
Fedje kommune
|
|
|
|
|
|
5947
Fedje
|
 |
|
Telefon
|
:
|
56 16 51 00
|
|
Faks
|
:
|
56 16 51 19
|
|
Org.nr.
|
:
|
944 041 036
|
|
Kontonr.
|
:
|
3490.05.20400
|
|
Kommunenr.
|
:
|
1265
|
|
|
|
Åpningstid
|
:
|
08.30-15.00
|
|
Skriv inn navnet ditt her og trykk på Søk
|