|
EIT ANNA LIV?
BLI KJENT MED LANDSBYEN I HAVET!
LEDIG STILLING I FEDJE KOMMUNE
Fedje - Noregs vestlegaste kommune er liten, men god å bu og leva i. Her er ca 600 innbyggjarar, og avstandane i øykommunen er små. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 1,5 time. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv både på sjø og land. Om sommaren har me ”sørlandsidyll” og om vinteren ruskevær.
Velkomen til eit anna liv – med alt i gangavstand, nært mellom folk og natur, eit litt rolegare tempo, og gode oppvekstvilkår for born og unge. Ein landsby med potensiale! |