Regionale kart/flyfoto
Vêrmelding for Fedje
Postliste
OMSTILLING I FEDJE KOMMUNE
Fedje kommune har frå fylkeskommunen fått tilsegn om tilskot til omstillingsprogram på Fedje 2010-2011.
- Prosessen er starta, me gler oss over å kome i gang, seier ordførar Kristin Handeland.
Styringsgruppa skal ha møte 2 juni. Ordføraren er prosjektansvarleg.
Publisert av Gunnarson, Dagrun. Sist endret 28.05.2010
MulekaienMulekaien
Fedje kommune søkte om midlar frå fylkeskommunen til eit større omstillingsprogram tidleg i 2010. No har me fått tilsagn på ca 2 millionar kroner som skal nyttast i perioden 2010 og 2011, i tillegg til kommunen sin eigen innsats på 0,7 millionar.

Visjonen for omstillinga er at Fedje kommune skal vere ein kompetansekommune for å tene den maritime industri. Det er tre mål for omstillingsprosjektet:
1) Kunnskapsløft - arbeide for praksisnær, maritim undervisning i grunn- og ungdomsskule, og nærare samarbeid næringsliv/skule.
2) Maritim næring/opplevingsperspektivet - bl.a. arbeide for "virtuelt ferjefritt" Fedje, virtuell historieforteljing knytt til Hellisøy fyr, visningssenter for Fedje si rolle i den maritime krigshistorien, og utvikling av tilbod innan sjømat/kvalsafari
3) Maritimt industrinettverk - etablere maritimt næringsråd for private næringsdrivande på Fedje

For å gjennomføre måla, vil ein gjennomføre ei analyse av den politiske og administrative organiseringa i Fedje kommune. Dette arbeidet er allereie i gong. Formålet er å sjå på korleis ein kan kanalisere fleire ressursar til den viktigste utfordringa Fedjesamfunnet står overfor: Auka nærings- og sysselsetjingsaktivitetar.

Ansvarleg for omstillingsprosjektet er ordføraren. Ho leier ei styringsgruppe som består av formannskapet, to frå næringslivet på Fedje og ein observatør frå fylkeskommunen.
seglbåtar ved Holmen
seglbåtar ved Holmen
Ferjeruter
Fedje kommune
5947   Fedje
 
E-post : postmottak@fedje.kommune.no
 
 
Telefon : 56 16 51 00
Faks : 56 16 51 19
Org.nr. : 944 041 036
Kontonr. : 3490.05.20400
Kommunenr. : 1265
_
Åpningstid : 08.30-15.00
 
  Utskriftsvennlig versjon spacer skille Søk spacer skille Tips en venn spacer skille Kontakt
 
Skriv inn navnet ditt her og trykk på Søk
Levert av ACOS AS